meninger
Henlagt etter to dagar – men brutaliteten kan vi ikkje ignorere
Ein hund blei funnen grovt mishandla og lemlesta i fjøra på Valderøya. Likevel blei saka raskt henlagt. For mange i lokalsamfunnet er det vanskeleg å forstå.
Du leser nå et leserinnlegg som uttrykker innsenderens mening.
Eg slit kraftig med å akseptere at saka om hunden som blei funnen lemlesta i fjøra på Valderøya allereie er henlagt. Eg reknar også med at eg ikkje er den einaste som reagerer.
I dag snakka eg med personen som fann hunden. Også han var i sjokk over det han oppdaga. Hunden var ikkje berre død – den bar tydelege spor etter grov mishandling. Dyret skal ha blitt mishandla til døde, deretter flådd, halshogd og fått avkappa begge framlabbane. Det er nesten umogleg å forstå at nokon kan utføre noko så brutalt.
Ifølgje personen som fann hunden, kan det sjå ut til at den ikkje har lege i sjøen meir enn eitt til to døgn. Dersom det stemmer, tyder mykje på at dette kan ha skjedd lokalt – truleg ein stad i Giske eller Ålesund, med tanke på vind og straumretning.
Dette reiser fleire alvorlege spørsmål. Kva slags menneske er i stand til å gjere noko slikt mot eit forsvarsløst dyr? Og kva seier det om eit menneske si evne til empati og respekt for liv?
For mange av oss er ein hund langt meir enn «berre eit dyr». Ein hund er eit familiemedlem. Når eit dyr blir mishandla på denne måten, opplevast det som eit overgrep mot eit medlem av familien.
Difor handlar denne saka også om tryggleiken i lokalsamfunnet vårt. Skal hundeeigarar i Giske og Ålesund no vere redde for hundane sine? Skal vi akseptere at eit dyr kan bli utsett for så grov vald utan at saka blir etterforska vidare?
Det er framleis mange ubesvarte spørsmål. Kvar er resten av hunden? Kvar er skinnet, hovudet og framlabbane? Kva skjedde før kroppen hamna i fjøra?
Det som uroar mest, er likevel kor raskt saka blei henlagt – etter berre to dagar. Etter eit så brutalt drap på eit dyr. Signalet dette sender er alvorleg: Skal vi som samfunn akseptere at slike saker ikkje blir prioriterte fordi det «berre» handlar om ein hund?
Eg meiner svaret må vere eit tydeleg nei.
Nokon har gjort dette. Og det er sannsynleg at nokon veit noko. Nettopp derfor burde saka bli tatt på alvor og etterforska grundig.
For dette handlar ikkje berre om ein hund. Det handlar om kva slags samfunn vi ønskjer å vere – og kva vi er villige til å akseptere.