Meninger • Kari Grindvik
Politikk skal la kulturen bomstre
Leserinnlegg: Frivillige kulturaktører i Ålesund frykter svakere rammevilkår i kommunens nye kulturplan.
Dette er et leserinnlegg som uttrykker skribentens meninger.
Vi vil ha eit kulturliv som er ope, tilgjengeleg og levande i heile kommunen. Ålesund - kommunen der kulturen får ta plass!
På tide å tenke nytt
I Ålesund finn vi frie og strålande kulturaktørar, kulturentreprenørar, foreiningar og idelle krefter som utgjer ein skilnad kvar einaste dag.
Draumen er eit godt Ålesundssamfunn der vi ser at fleire får moglegheit til å møte, oppleve og sjølve kunne skape kultur.
Kanskje er det på tide å tenke nytt om kring kven som skapar kulturen og korleis kommunen kan støtte den?
I alle fall var det det vi frivillege tenkte då kommunen ville lage ein kulturplan. Vi vart til og med invitert med i arbeidet fram mot ein plan vi kunne identifisere oss med og finne håp for betre vilkår.
Heile kulturfeltet engasjerte seg, administrasjonen stilte med sine ressursar, fagfolk innan kultur- og kunstfeltet, frivillege organisasjonar, profesjonelle kunstnarar, kulturinstitusjonar og andre møttest rundt same bordet for å bidra til eit breiast mogleg kunnskapsgrunnlag og vidtfemnande tiltak for å løfte kulturen fram.
Politikarane ville det annleis
Men politikarane ville det annleis. Planen som skal vedtakast i kommunestyret vart vingeklipt og rasert.
Kvifor engasjerer vi oss og driv med dugnad? Å bety noko for andre ved å ta på seg verv eller oppgåver som skaper aktivitet og møteplassar der menneske opplever fellesskap og meistring. Og går med dette som ei oppfordring til oss alle. Dei fleste aktivitetar for barn og unge, men også vaksne er bygd på dugnad. Og utgjer ein viktig del i den grunnmuren som held eit lokalsamfunn levande.
Difor leita vi i det nye framlegget til kulturplan etter tiltak som skal gjere det lettare for frivilleg sektor. Men det var skrint. Vi som driftar vår eigen møteplass, dvs driv lagseigde hus og anlegg, får sjå fram til at vi skal teljast og kome på ei liste som dokumentasjon på at vi finns!
Kva kan vi gjere saman?
Men om frivillegheita gir opp vil det få store konsekvensar – for kvar skal talenta få utfalde seg og finne sin veg? Den nye spissen som Aafk speidar etter, operaballettens prima ballerina, den neste Ingrid Helene eller Sigrid, eller Terje Sporsem sin arvtakar vil vi kunne gå glipp av. For frivillegheita og dei profesjonelle kreftene er gjensidig avhengige av kvarandre for å løfte, inspirere og utfordre. Men då må vi få føreseielege rammevilkår til å gjere meir enn å trø vatnet.
Politikken skal halde ei armlengdes avstand til det kunstnarlege innhaldet, og vakte seg vel for å prøve å styre politikken. Men det betyr slett ikkje at politikken skal halde ei armlendes avstand til kulturens rammevilkår. Tvert imot er det her at kommunen skal stille seg spørsmål ikkje berre kva kommunen kan gjere, men kva vi kan gjere saman.
I eit godt Ålesundssamfunn ønskjer vi at fleire får moglegheit til å møte, oppleve og sjølve kunne skape kultur. Kultur er ei investering i menneska sin livskvalitet, fellesskap, demokrati og korleis Ålesund skal vere attraktiv – og ikkje berre ein kostnad i budsjettet.