Meninger • Møre og Romsdal FRP

No er er grensa nådd for lengst

Hans Olav Myklebust.

Frp-politikere i Møre og Romsdal ber regjeringen og Stortinget sikre penger i statsbudsjettet for 2027.

Publisert Sist oppdatert

Du leser nå et leserinnlegg som uttrykker skribentens mening. Skribentene bak innlegget er: Hans Olav Myklebust i Møre og Romsdal FrP, Frode Sandøy i Kristiansund FrP, Kristian Røbekk Follestad i Molde FrP, Håkon Lykkebø Strand i Ålesund FrP og Bjørnar Fylling, Volda FrP.

Styreleiaren i Helse Møre og Romsdal seier rett ut at sjølv om Volda sjukehus skulle bli lagt ned, og det distriktsmedisinske senteret i Kristiansund skulle bli lagt ned, vil ikkje det vere nok. Det må framleis kuttast i Molde og Ålesund.

Grensa er nådd

No er er grensa nådd for lengst.

Dette handlar ikkje lenger om effektivisering. Det handlar om ei systematisk nedbygging av spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal dersom Stortinget ikkje grip inn.

Helseføretaket har allereie gjennomført omfattande innsparingstiltak. Styreleiar Herlof Nilssen seier sjølv at drifta er rimeleg god, og at ein har henta ut mellom 500 og 600 millionar kroner. Likevel står føretaket framfor eit ytterlegare innsparingsbehov på om lag 500 millionar kroner.

Dette handlar om tryggleik

Når sjølv eit veldrive sjukehus som Volda kan bli sett på spel, samtidig som også tilboda i Kristiansund, Molde og Ålesund står i fare for ytterlegare kutt, må Stortinget ta ansvar.

Det kan ikkje vere slik at investeringar i nye sjukehusbygg og dei påfølgjande kostnadene til renter og avskrivingar skal finansierast gjennom å byggje ned pasienttilbodet.

Vi kan ikkje bygge nye sjukehus med den eine handa og legge ned behandlingstilbod med den andre.

No forventar vi at regjeringa og Stortinget sørgjer for økonomiske rammer som kompenserer Helse Møre og Romsdal for den ekstraordinære belastninga frå mellom anna renter og avskrivingar.

Dette handlar om tryggleiken til innbyggjarane i heile Møre og Romsdal. Det handlar om akuttberedskap, fødetilbod, behandling nær folk og om å kunne rekruttere og behalde dyktige fagfolk.

Vi vil derfor vere heilt tydeleg: Stortinget må stoppe ei utvikling der Helse Møre og Romsdal blir tvinga til å byggje ned eit fungerande sjukehustilbod for å betale renter og avskrivingar.

Må ta ansvar

Statsbudsjettet for 2027 må gi ei løysing.

Alternativet kan bli irreversible kutt i sjukehustilbodet i Møre og Romsdal. Det ansvaret kan ikkje skyvast ned på styret og leiinga i helseføretaket. Det politiske ansvaret ligg hjå regjeringa og Stortinget.

Vi forventar at dei andre partia no støttar FrP sine forslag om auka ressursar til spesialisthelsetenesta for å unngå ei katastrofe.

No må storting og regjering ta ansvar.

Powered by Labrador CMS