Meninger • Peder Stette

En mann står foran bokhyller med gamle bøker i et bibliotek.

Ny E39 må gå i tunnel, ikkje gjennom Solnørdalen

Peder Sette, eigar av Solnør Gaard, argumenterer for alternativer til ny E39 gjennom Solnørdalen.

Peder Stette ved Solnør Gaard ber Vegvesenet velje vekk Solnørdalen som alternativ for E39. 

Publisert

Dette er eit lesarinnlegg som uttrykker innsendars meining.

Sunnmørsposten skreiv 16. september at Vegvesenet framleis har Solnørdalen som favoritt for ny E39. Som eigar av Solnør Gaard vil eg forklare kvifor det er feil veg å gå, og peike på to alternativ utanom dalen. Det eine har Vegvesenet sjølv rekna på, og det kjem best ut på nesten alt anna enn pris.

Solnør er ein av dei viktigaste kulturhistoriske stadene i Ålesund kommune. Hovudbygningen frå 1820 vart freda i 1924, slekta Daae eigde garden i over to hundre år, Ivar Aasen var huslærar her i sju år, og Henrik Ibsen var på besøk i 1862. Historia viser ein sjeldan kulturhistorisk rikdom som har lokal, regional og nasjonal interesse. Vi overtok Solnør i 2024 og restaurerer hovudbygningen saman med Riksantikvaren, med mål om ein destinasjon der historia, vassdraget, fjorden, golf og natur heng saman.

Varig vern fra 1993

Solnørvassdraget vart nasjonalt varig verna i 1993. Miljødirektoratet har gitt Solnørelva høgste verdi som naturtype på grunn av elvemusling, gyteområde for laks og sjøaure og eit raudlista elveparti. Rapporten Statsforvaltaren fekk laga i 2023 slår fast at elvemuslingen no er svært verneverdig, at den største trusselen er nedslamming frå inngrep på land, og at vassdraget bør få utvikle seg utan inngrep. Statsforvaltaren har to gonger varsla at dei vil vere kritiske til inngrep som reduserer verneverdiane.

Vegvesenet sin eigen silingsrapport frå 2022 seier at favorittlinja E2 kjem dårlegast ut av fem alternativ på naturmangfald. Linja går i urørt terreng frå Dragsundet og opp Solnørdalen, gjer inngrep i to raudlista naturtypar, den eine kritisk truga, og tek areal i Nysætervatnet naturreservat. Rapporten seier også at det nye lydbiletet kan opplevast som forstyrrande sjølv med tiltak, fordi det er lite støy i dalen i dag. At tunnelen skal gå under elva, gjer ikkje dagsona og anleggsarbeidet i nedbørsfeltet ufarlege.

7000 bilar forbi verna bygning

Dagens E39 går om lag hundre meter frå den freda hovudbygningen og deler garden i to, noko Vegvesenet sjølv skreiv til oss i fjor. Rundt sju tusen bilar i døgnet passerer mellom tunet og sjøen. Med linje E2 får Solnør i tillegg ny motorveg i open dagsone opp dalsida. Det løyser ingenting for oss, og det flyttar støyen inn i ein stille dal.

Betre altrernativ

Det beste alternativet står i den same silingsrapporten, som den brune linja K. Frå Digernes går vegen på dagens veg over Straumsbrua, og vidare i tunnel gjennom Nihusen nord for Skodje og fram til Ørskogfjellet. Nær seksti prosent av strekninga er tunnel, og Straumsbrua frå 2004 blir brukt om att. Vegvesenet skriv sjølv at linja samla kjem best ut av alle utbyggingslinjene for natur, landskap, kulturarv og friluftsliv, og at ho legg beslag på minst skog, minst myr og berre fire dekar jordbruksjord. I Vegvesenet sine førebelse tal har ho også dei lågaste klimagassutsleppa av alle, om lag 155 tusen tonn mot 276 tusen tonn for den opphavlege linja gjennom Solnørdalen. Ho held vegen unna Solnørvassdraget, Solnørvika, sjøfylling i Skodjevika og Valle.

Vegvesenet la linja bort i 2022 fordi ho kostar meir, om lag 4,7 milliardar mot om lag 4 milliardar i 2021 kroner, fordi lange tunnelar krev forbikøyringsfelt, og av omsyn til dei freda Skodjebruene. Det er innvendingar som kan løysast, og dei er ikkje grunn god nok til å ofre eit nasjonalt verna vassdrag. Ein veg som nesten halverer klimautsleppa, byggjer på det som alt finst og skaper minst konflikt, er ein berekraftig veg. Han er verd meirkostnaden, og eg trur dei ekstra kostnadane i dag vil bli verdsett av våre etterkomarar.

Positiv til tunell

Det andre alternativet er kjent. Låg bru over Solnørvika til Svineneset, tunnel under den vestre delen av golfbana og gjennom Liafjellet til Landedalen. Forslaget kom frå Naturvernforbundet, planutvalet i Ålesund gjekk samrøystes inn for at det skal greiast ut, og både Ørskog og Skodje kommunedelsutval vil ha det vidare. Vi er positive til tunnel under vår eigedom og vil bidra konstruktivt i planarbeidet.

Begge alternativa held gjennomgangstrafikken unna Solnør, Tøsse og Sjøholt med nærare førti stikkvegar. Då blir dagens veg ein lokalveg, og områda langs Solnørvika og Dragsundet kan brukast til destinasjonsutvikling, friluftsliv og på sikt bustader, slik vi alt har spelt inn til den nye arealplanen i Ålesund. Det er verdiar for heile kommunen, ikkje berre for oss.

Veg utanom Solnørdalen kan samle regionen

Som Anne Kristine Linnestad i transportkomiteen sa då ho var her i august, det er lettare å få gjennomslag for prosjekt der folk er samde. Ei linje gjennom eit nasjonalt verna vassdrag, som korkje Statsforvaltaren, kommunepolitikarane eller grunneigarane ønskjer seg, vil møte motsegn og strid i mange år. Alternativa utanom Solnørdalen kan samle regionen.

Når planprogrammet kjem i haust, ber eg Vegvesenet hente fram att linja over Straumsbrua, gje tunnelalternativet under golfbana ei full og likeverdig utgreiing, og leggje Solnørdalen bort. Solnørelva har vore verna i 33 år. La ho få vere det også i framtida.

Peder Stette, eigar, Solnør Gaard AS

En mann står i et historisk interiør ved siden av et innrammet landskapsmaleri.
Peder Stette i houedbygninga på Solnør Gaard argumenterer for alternativ til ny E39 utenom Solnørdalen.
Powered by Labrador CMS