Kenneth Sætre (52) er i statsråd utnevnt til visepolitimester i Møre og Romsdal politidistrikt for en åremålsperiode på seks år.

Han blir ny visepolitimester

Sætre tar over som visepolitimester i Møre og Romsdal, med fokus på samfunnssikkerhet og samarbeid.

Publisert Sist oppdatert

Kenneth Sætre (52) er i statsråd utnevnt til visepolitimester i Møre og Romsdal politidistrikt for en åremålsperiode på seks år.

Sætre kommer fra stillingen som distriktsleder for Politiets sikkerhetstjeneste (PST), og har lang erfaring fra operativt politiarbeid og ledelse. Han har blant annet vært leder for felles operative tjenester (FOT) og hatt rollen som stabssjef i politidistriktet.

Eit samfunn i rask endring

– Eg er svært glad og ikkje minst takksam for den moglegheita politimeisteren har gitt meg til å vere med og leie politidistriktet i ei spanande og utfordrande tid. Eg har arbeidd i distriktet i snart tretti år, og eg veit at politidistriktet leverer godt på samfunnsoppdraget kvar einaste dag. Vi har utruleg mange dyktige medarbeidarar og like mange gode relasjonar. Det gir tryggleik når eg no skal tre inn i denne rolla, seier Kenneth Sætre.

Han peker samtidig på at politiet står midt i en tid med store endringer.

– Når det er sagt, er det ikkje berre politiet, men heile samfunnet som er i rask endring, og det er svært viktig at politiet er i takt med utviklinga generelt. Dette er særleg viktig innan sikkerheitspolitisk samarbeid, samfunnssikkerheit, kriminelle nettverk, ungdomskriminalitet, digitale løysingar og system. Å representere ei tydeleg retning, oppnå resultat og samstundes, på ein balansert måte, klare å skape tryggleik og ro, trur eg blir viktig for politiet i åra som kjem, legg Sætre til.

Vil krevje betydeleg innsats

Den nye visepolitimesteren er tydelig på at oppgavene som venter, krever samarbeid og evne til å se helheten.

– Det vil krevje ein betydeleg innsats, god samhandling med andre samfunnsaktørar og ein vilje til å sjå oss sjølve i ein større samanheng. Eg ser verkeleg fram til å ta fatt på desse oppgåvene.

Politimester Elin A. Drønnen er svært fornøyd med ansettelsen.

– Kenneth er ein erfaren leiar med brei politifagleg kompetanse, og høg kompetanse innan beredskap og politioperativt arbeid. Vi vil utfylle kvarandre godt og eg er trygg på at vi saman vil kunne utvikle politidistriktet vidare og sørge for gode polititenester for innbyggarane våre i Møre og Romsdal, seier ho.

Powered by Labrador CMS