Hanne Holm Kvalsund.

Hanne Holm Kvalsund til NTNU Ålesund

Flisnes-kvinna er ansatt som prosjektkoordinator for studentinnovasjon og skal bidra til å bygge et varig innovasjonsmiljø på campus.

Hanne Holm Kvalsund frå Flisnes i Ålesund har starta i ny jobb ved NTNU i Ålesund, der ho er tilsett som prosjektkoordinator for studentinnovasjon i «Avdeling for forsking, innovasjon og eksterne relasjonar».

I rolla skal ho samarbeide tett med viserektor for NTNU i Ålesund, Anne-Lise Sagen Major, og vere ein sentral ressurs i utviklinga av innovasjonsmiljøet på campus.

Kvalsund har blant annet erfaring som produktsjef og brand manager i eit norsk industrikonsern. Der hadde ho ansvar for utvalde produkt og merkevarer, og arbeidde med innsikt, marknadsarbeid og strategisk utvikling.

Ho har òg leia tverrfaglege innovasjonsprosjekt frå idéfase til lansering.

Skal etablere ein robust strukur

Ho er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole og har i tillegg ein bachelor i marknadsføring med spesialisering i innovasjon og entreprenørskap.

I den nye jobben skal Kvalsund vere med på å etablere ein robust struktur for studentinnovasjon i Ålesund, og sørgje for at aktivitetane står seg over tid. Ho skal leggje til rette for innovasjonsaktivitetarbeid i tett samarbeid med studentar, fagmiljø og eksterne partnarar.

Ei viktig rolle

Viserektor Anne-Lise Sagen Major ønskjer Kvalsund varmt velkomen til NTNU i Ålesund:

– Hanne kjem inn med ei sterk fagleg bakgrunn og bred erfaring frå produktleiing, innovasjonsarbeid og forretningsutvikling i næringslivet. Ho vil spele ei viktig rolle i å vidareutvikle økosystemet for studentinnovasjon her i Ålesund, og bidra til at studentane våre får endå betre moglegheiter til å utvikle ideane sine og lære seg ferdigheiter/kompetanse innan innovasjon og entreprenørskap.

Kvalsund sjølv ser fram til å ta fatt:

– Eg er motivert av å samarbeide på tvers av fag, studentmiljø og samarbeidspartnarar, og å bidra til å styrkje økosystemet for studentinnovasjon ved NTNU i Ålesund. Eg ønsker òg å vere med på å gjere fleire studentar i stand til å utvikle evna til å sjå moglegheiter, drive endringsarbeid og oppleve verdien av å samarbeide på tvers av fagbakgrunn, erfaringar og ferdigheiter som er nyttige i arbeidslivet, seier ho.

Powered by Labrador CMS