samfunn

Servicearbeidet omfatta mellom anna demontering og remontering av eksosrør, utskifting av lokk på kjelen, oppretting og justering, montering av nye vibrasjonsdemparar og strekkstag og innsveising av stivarar og naudsynte tilpassingar.

Ulstein Verft gjorde service på Trollfjord

Et serviceteam fra Ulstein Verft utførte nødvendig ettermarknadsarbeid om bord på Hurtigrutens Trollfjord i Bergen etter mer enn 20 år i drift.

Publisert

Ettermarknadsarbeidet i Ulstein Verft skjer stadig oftare ute hos kundane. 

Nyleg utførte eit serviceteam leia av områdesalssjef på ettermarknad, Hans Ole Låbakk, naudsynt arbeid om bord på Hurtigrutens Trollfjord i Bergen.

Teamet tok med prefabrikkerte delar og verktøy og gjekk om bord i skipet i Torvika.

Tett dialog med kunden

– Kunden tok kontakt med ei utfordring knytt til ein eksoskjel. Etter meir enn 20 år i drift måtte både vibrasjonsdemparar og strekkstag skiftast ut, og kjelen få ei overhaling. Sjølv om vi ikkje hadde ledig dokk eller kai, var svaret enkelt: Dette løyser vi, seier Låbakk i ei pressemelding. 

Eit serviceteam vart sett saman og førebudd for å gå om bord for å få arbeidet gjort raskt og effektivt.

Arbeidet vart planlagt i tett dialog med kunden. Teamet tok med prefabrikkerte delar og verktøy og gjekk om bord i skipet i Torvika. Vel framme i Bergen vart skipet tømt for passasjerar, og oppdraget kunne starte. 

Nye moglegheiter fo r ettermarknadstenester

Teamet budde og arbeidde om bord, noko som ga ei effektiv gjennomføring og tett samarbeid med kunden. 

I løpet av fire intense dagar vart arbeidet utført konsentrert og målretta og innanfor trygge rammer for alle involverte.

Servicearbeidet omfatta mellom anna demontering og remontering av eksosrør, utskifting av lokk på kjelen, oppretting og justering, montering av nye vibrasjonsdemparar og strekkstag og innsveising av stivarar og naudsynte tilpassingar. 

– Dette oppdraget viser kva vi kan levere når vi kombinerer fagkompetanse, god planlegging og fleksibilitet. Vi tek ansvar, finn løysingar og leverer – også når oppdraget ligg utanfor Ulstein Verft. Det opnar nye moglegheiter for ettermarknadstenestene, seier Låbakk.

Powered by Labrador CMS