Meninger • Christian Holstad Lilleng
Er vi i ferd med å få eit klassedelt rettssamfunn i Haram kommune?
Som medlem av planutvalet og Formannskapet i Haram kommune har eg over tid gjort ei observasjon som bekymrar meg. Eit stort fleirtal av klagene som kjem til kommunen og planutvalet i plan- og byggesaker, er skrivne av advokatar eller andre profesjonelle rådgjevarar.
Du leser nå et leserinnlegg som uttrykker innsenderens mening.
Det er i seg sjølv ikkje noko problem. Tvert imot er det viktig at innbyggjarar får juridisk hjelp når dei meiner det offentlege har gjort feil. Problemet oppstår når tilgangen til slik hjelp i praksis blir avgjerande for om ein får gjennomslag eller ikkje.
Då må vi stille eit ubehageleg spørsmål: Er vi i ferd med å få eit klassedelt rettssamfunn der dei som har råd til advokat, får betre rettstryggleik enn dei som ikkje har det?
Ei fersk sak omtalt i Sunnmørsposten illustrerer problemstillinga godt. Der vart eit avslag frå kommunen omgjort etter at saka vart ført vidare med juridisk bistand, og kommunen konkluderte til slutt med at tiltaket likevel var lovleg.
Ikkje berre avgjort av kven som har rett, men av kven som har ressursar
Dette handlar ikkje om den konkrete saka. Det handlar om eit mønster vi ser stadig oftare.
Plan- og bygningslova er komplisert. Regelverket omfattar lovtekst, forskrifter, rettspraksis, statlege retningslinjer og kommunale planar. For ein vanleg innbyggjar kan det vere nær umogleg å orientere seg. Ein nabo som skriv klaga si sjølv, konkurrerer i praksis med profesjonelle aktørar som kan vise til paragrafar, tidlegare vedtak og juridiske vurderingar.
Resultatet kan bli at utfallet av ei sak ikkje berre blir avgjort av kven som har rett, men også av kven som har ressursar.
Dette ser vi særleg i plan- og byggesaker. Den som søkjer om dispensasjon, ønskjer å byggje på eigedomen sin eller vil klage på eit kommunalt vedtak, kan raskt måtte bruke titusenvis av kroner på juridisk bistand. For ein familie med vanleg inntekt kan dette vere uaktuelt. For ein ressurssterk eigedomsutviklar eller ein privatperson med god økonomi er terskelen langt lågare.
Kan svekke tilliten til både kommune og rettsstat
Konsekvensen er at enkelte innbyggjarar i praksis får fleire moglegheiter til å prøve saka si enn andre.
Eg fryktar at dette kan svekkje tilliten til både kommunen og rettsstaten. Innbyggjarane må oppleve at dei blir høyrde og vurderte likt, uavhengig av om dei møter med advokat eller ikkje.
Kommunane har sjølvsagt ikkje ansvar for å finansiere advokatar for alle. Men vi har eit ansvar for å sørgje for at saksbehandlinga er forståeleg, at vedtak blir godt grunngjevne, og at innbyggjarar får reell moglegheit til å ivareta eigne interesser utan å måtte kjøpe juridisk ekspertise. Rettstryggleik skal ikkje vere eit spørsmål om storleiken på lommeboka.
Dersom stadig fleire opplever at dei må engasjere advokat for å bli tekne på alvor i møte med kommunen, er det eit teikn på at noko er i ferd med å gå gale.
Eit samfunn der dei sterkaste ressursane får størst gjennomslag, er ikkje berre eit problem for den enkelte. Det er eit problem for tilliten til heile systemet.
Og nettopp derfor bør vi ta denne utviklinga på alvor.