Meninger • Vegard Andenes

Eit hjartesukk frå varehussjefen

Vegard Andene, varehussjef Obs BYGG Volda.

Vi har mange fantastiske ungdommar på laget vårt. Nokre er berre 15–16 år, og for fleire av dei er Obs BYGG deira aller første jobb. Dei møter opp, lærer, står på og gjer sitt beste for å hjelpe kundane våre kvar einaste dag. Då skal dei ikkje måtte gå heim frå jobb etter å ha blitt kjefta ned av ein vaksen person, skriv varehussjef i OBS Bygg Ørsta, Vegard Andenes. 

Publisert

Vi har dessverre hatt fleire episodar, både i år og over fleire år, der kundar har vore ufine og regelrett stygge mot dei unge medarbeidarane våre.

Det gjer meg både sint og lei meg.

Heilt uforståeleg

Vi har mange fantastiske ungdommar på laget vårt. Nokre er berre 15–16 år, og for fleire av dei er Obs BYGG deira aller første jobb. Dei møter opp, lærer, står på og gjer sitt beste for å hjelpe kundane våre kvar einaste dag.

Då skal dei ikkje måtte gå heim frå jobb etter å ha blitt kjefta ned av ein vaksen person.

At ein vaksen person ikkje klarer å halde seg for god til det, er for meg heilt uforståeleg.

Misnøgd med noko? Sei frå!

Misnøgd med noko? Sei frå! Vi ønskjer tilbakemeldingar, også når vi ikkje leverer godt nok. Men ta det på ein skikkeleg måte, og gi gjerne den konstruktive tilbakemeldinga til ein av oss som faktisk kan gjere noko med problemstillinga.

Ikkje ta frustrasjonen din ut på ein 15-åring som prøver å gjere ein god jobb.

Vi skal gjere vårt aller beste for å ta vare på kundane våre kvar einaste dag, men eg kjem også alltid til å stå opp for og ta vare på medarbeidarane mine. 

Ver den kunden du sjølv ønskjar

Så eg håpar vi alle kan hugse på noko veldig enkelt: Vis litt omtanke. Vis respekt. Og hugs at det står eit menneske på andre sida av kassa eller disken.

Og til ungdommane våre: De skal vite at vi ser dykk, vi støttar dykk og vi er utruleg stolte av å ha dykk på laget. 

Ver den kunden du sjølv hadde ønskt at sonen eller dottera di møtte i sin første jobb.

Powered by Labrador CMS